Karatefamilie frå Fitjar og Karmøy på plass i karatesportens høgborg i Tokyo, Honbu Dojo. Foto: Privat.

For nokre dagar sidan kom Sukhwinder Koløen tilbake frå ein innhaldsrik karatetur i Japan; denne gongen i lag med heile familien sin og fleire ivrige karateutøvarar frå Fitjar og Karmøy.

I slutten på september reiste heile gjengen på ein ti dagars tur til Tokyo, men sjølv blei Sukhwinder igjen ei veke til, og kom ikkje heim att før denne veka. Når han først var på plass i karatesportens høgborg, ville han få med seg eit instruktørkurs på høgt nivå saman med 14 andre instruktørar frå JKA Norway.

Arild Damm frå Karmøy – rutinert reiseleiar!

Det var totalt 18 deltakarar frå Fitjar Shotokan Karateklubb og Karmøy Shotokan Karateklubb med på draumeturen. Alle reiste bortover 29. september, men instruktørane blei ei veke ekstra, og kom ikkje att før 15. oktober.

Selfi med Arild Damm og heile gjengen frå Fitjar og Karmøy.

Arrangør var hovudinstruktør i Karmøy Shotokan Karateklubb, Arild Damm, som er medlem i teknisk komité og 5. dan. Han har vore i Tokyo 40 gonger og kjenner kvar krok av byen, fortel Sukhwinder, som sjølv har fleire turar bak seg i den japanske gigantbyen på 38 millionar innbyggjarar.

Hovudsetet for JKA karate 日本空手協会 heiter Honbu Dojo, og ligg i bydelen Bunkyo-Ku i Tokyo. Her er det slik at ein ikkje berre kan møta opp og trena kor tid som helst. Ein må ha invitasjon eller godkjenning av nokon i miljøet som har eit nært forhold til Honbu Dojo.

Dette er første gongen det har blitt arrangert tur der andre enn hovudinstruktørar i karate har fått sjansen til å trena i Honbu Dojo, så den lokale karategjengen vår var i svært eksklusivt selskap!

Hans Christian Helland med sønene Patrick og Leander i karatesportens høgborg i Tokyo.
Vår mann i Tokyo med ein gjeng norske JKA-instruktørar.

Ikkje berre karate – 東京 Tokyo er også ein turistby!

Samtidig som reisa handla mest om trening og karate, blei det lagt opp til å bli kjent med kultur, mat og ulike kjende turistmål. Det var varmt i Tokyo under opphaldet; 30 grader merkast godt når luftfukta er opp mot 100 %.

Men vestlendingane på langtur fekk med seg fleire turistattraksjonar. Barnefamiliane besøkte Disney Sea – den største i sitt slag utanfor USA – og Ueno Zoo, der dei fikk sjå panda. Dei var og ein tur i parken som høyrer til Keisarpalasset. Det var lagt innom besøk både i shintotempel og buddhisttempel. Sensoji-tempelet i Asakusa er utruleg flott!

- Annonse -

Alle besøkte det mest trafikkerte vegkrysset i verda. I Shibuya Crossing kryssar over to millionar fotgjengarar gata kvar dag, og 2500 kvar gong det er grøn mann! Barnefamiliane imponerte, og sette seg inn i systemet og reiste rundt på eiga hand.

Dei budde på eit hotell med Onsen i kjellaren. Slike japanske varme kjelde-bad har opp mot 38-40 grader.

– Med ein så folksom og larmfull by, er det ikkje rart japanarar treng slike stille soner! meiner Sukhwinder.

Det blei naturlegvis høve til å snaka på tradisjonell japansk mat som sushi og yakiniku (焼肉) – grilla kjøt. Nokon vaksne i følgjet leigde eit rom for karaoke – det er eit must i Tokyo, meiner Sukhwinder.

– Og robotrestauranten leverte det mest fargerike og sprøaste Halloween-show me nokon gong har opplevd, legg Sukhwinder til.

Og så blei det eit besøk i Tokyo Skytree, eit 624 meter høgt tårn, som var det høgaste i verda då dei blei opna i 2012. Frå plattforma 350 meter over havet hadde dei ganske god utsikt!

Hagibis

Som kjent er ikkje verken jordskjelv eller ekstremvêr uvanleg i Japan. Og vår mann på karatematta fekk med seg både eit jordskjelv på 5,7, ein tornado ute ved Chiba og den mykje omtalte supertyfonen Hagibis, den kraftigaste som har råka dette området av Japan sidan 1958.

Vêret var heftig også inne i byen, fortel Sukhwinder. Instruktørane frå Norge samla seg på eit hotell i bydelen Suidobashi til tyfonen var over. Det gikk bra trass i kraftige vêrmeldingar!

Her er ein liten bildeserie frå Tokyo.