Ein stolt Sukhwinder Koløen fortel om fin innsats av juniorane hans under karatestemnet på Sotra i helga.

Til JKA Cupen i Bildøyhallen på Sotra var 202 juniorar påmelde, av desse kom 13 frå Fitjar Shotokan Karateklubb.

Arrangørklubb var Fjell Karateklubb, og det blei konkurrert i kata (mønster) og kumite (kamp)

Fitjar-utøvarane klarte å ta 9 medaljar med seg heim, tre gull, tre sølv og tre bronse:

Morten Korsvik: Gull i kata og gull i kumite.
Rebecca Koløen: Sølv i kumite.
Jedrek Rutkowski: Sølv i kata og bronse i kumite.
Leander Helland: Gull i kata.
Damian Marzalek: Sølv i kata og bronse kumite.
Alexandra Maraas: Bronse i kumite.

Me gratulerer trenar Sukhwinder Koløen og dei unge utøvarane med den flotte innsatsen.

På biletet over ser me: Bak f.v. Damian Marzalek, Martine Korsvik, Katarina Maraas, Victoria Maraas, Alexandra Maraas. Framme f.v. Jedrek Rutkowski, Morten Korsvik, Rebecca Koløen, Leander Helland, Jonas Forland.