Sukhwinder Koløen i Fitjar Karate Senter fortel at det blir treningssamling i idrettshallen på Fitjar laurdag og søndag. Spesielt invitert som instruktør er regjerande noregsmeister Helge Sæle frå Lyderhorn Karateklubb. Helge Sæle er den nest høgast rangerte karateutøvaren i Norge, som sensei 5 dan i Japan Karate Association. Han stifta Lyderhorn Karateklubb i Bergen vest i 1989. Andre instruktørar i helga blir Arvid Damm frå Karmøy Karate Senter og Tom Erik Bjølgerud frå Bømlo Karate Senter. I tillegg til vår eigen Sukhwinder Koløen.

Sukhwinder fortel at dei ventar vel 40 deltakarar frå 7 år og oppover. Dei kjem frå Fitjar, Stord, Bømlo, Karmøy og Stavanger. Idrettshallen blir open begge dagar, slik at det går an for skodelystne å ta seg ein tur på tribunen for å bli kjent med ein sport som framleis kan vera litt eksotisk.

Timeplanen for treningssamlinga blir slik: Laurdag 26. april kl. 11.00 – 14.00. Søndag 27. april kl. 12.00 – 15.00.

Du kan lesa meir på desse nettsidene: www.karatesenter.no eller www.lyderhorn.no