Karategruppa på Fitjar inviterte til Gasshuku i idrettshallen i Fitjar kultur- og idrettsbygg i helga, og det vart ei helg med inspirerande trening for dei vel 50 deltakarane.

Fitjar karaten senter ser på seg sjølv som heldige som får arrangera slike treningssamlingar annakvart år, og det var dei dyktige instruktørane som var trekkplasteret denne helga. Anne Berntsen i Fitjar karateklubb hadde forventa at oppsluttinga vart endå større enn den var, men for Fitjar og Stord sin del var det svært mykje som skjedde denne helga, og særskilt ein del ungar måtte velja kva dei skulle prioritera av fotball, korps og karate.

I tillegg til Fitjar sin eigen instruktør Sukhwinder Koløen kom Helge Sæle, Arild Damm og Tom Erik Bjølgerud frå det norske karateforbundet (NJKA). Helge Sæle kjem frå Bergen og har den neste høgaste grada, som er 5. Dan JKA. Arild Damm er assisterande landslagtrenar og har grada 4. Dan JKA. Tom Eik Bjølgerud held til i Bømlo karatesenter og har grada 3. Dan JKA.

Idretten kjem frå Japan, eit land med større tradisjon for disiplin enn me er vane med. Og det er ein disiplinert gjeng me ser. Men alt skjer med omtanke for kvarandre og byggjer på respekt. Treninga var og krydra med litt humor  og grundige forklaringar.

Treningane starta med helsing, oppvarming og tøying, og alt skjer på fint oppstilte rekker. Her skal det vera orden. Helsingane der ein står mot kvarandre og bukkar skal syna at ein har gjensidig respekt for kvarandre. Innimellom øvingane stoppar gruppene opp og tøyer. Ein treng stor bevegelighet for å utføra mange av øvingane, og det er lett å sjå at dette er ein mjuk gjeng, særleg dei som har halde på ei stund. Ein stolt far som sit på tribunen seier at hans vaksne dotter går ned i spagaten så lett som ingenting.

Dei er ikkje berre mjuke, men og enormt sterke. Her handlar det ikkje om å henta krefter, her eksploderer dei fram. Den minste detalj er viktig, og det er slike detaljar dei øver på denne helga. Deltakarane er delt inn i grupper etter farge på belte, det vil sei kor langt dei har kome i idretten. Det stilles stadig større krav til dei etter kvart. I denne sporten har alt eit japansk namn. Dei med brune og svarte belter brukar søndag føremiddag til å øva inn eit frontspark kalla Maegari.  Kvar einaste fotplassering, kroppsstilling og handrørsle er viktig, og dette handlar om å perfeksjonera kvar enkelt rørsle for å stadig verta betre. Dei ulike sparka og slaga vert sett saman til ein Kata, eit mønster som er ein simulert kamp. Når ein så skal i verkeleg kamp brukar ein desse ulike rørslene, og då er det viktig å ha fått med seg alle detaljane frå treningane.

På heimesida til Fitjar karateklubb kan ein lesa at karate er ei spennande treningsform som passar alle. Ein treng ikkje vera atlet for å starta med karate, og dei fleste som driv med det gjer det for å koma i litt betre form. Dette er heller ikkje ein idrett der ein er ferdig etter ein har fylt 35 år, her kan ein ta til etter det og likevel nå langt. Dei seier sjølv at dette er ei komplett treningsform der du får trening i styrke, spenst, kondisjon, bevegelighet og koordinasjon samstundes som ein lærar sjølvforsvar.

På treninga i helga er det ei samansett gruppe me ser i hallen. Alderen spenner frå 7 år til over 50, og her er gutar og jenter, unge og eldre jevnbyrdige. Ein stor kvitkledd flokk med belte i ulike fargar. Helge Hystad frå Stord, som er med som instruktør i Fitjargruppa, tok til med karate som vaksen og seier at dette er ein av dei få idrettane der fleire generasjonar kan trena og konkurrera saman.

Det er full rulle med trening for deltakarane og med streng disiplin er det ikkje rom for å gå ut av rekkene, så det er ikkje lett å få teke ein prat med dei. Men Sukhwinder Koløen, som er hovudinstruktør i den lokale klubben, droppar gjerne litt mat i pausen for å snakka varmt om karate. For dei som ikkje kjenner karate frå innsida kan det verka ganske så eksotisk og framandt med alle dei japanske uttrykka og den tydelege disiplinen. Nokon tenkjer at det må vera noko religøst med det. Sukhwinder ynskjer å poengtera at dette ikkje har noko med religion å gjera, men at dei legg stor vekt på respekt, for grunneleggjarane, instruktørane og kvarandre. Her skal ein vera kompisar både når ein går til kamp og når ein er ferdig. På spørsmål om kva Gasshuku tyder smiler han og seier det betyr ganske enkelt treningsleir.

For ein utanforståande som meg kan det sjå ut som ein må ha lite hår for å bli god. Sukhwinder ler, tar seg til ein nesten glattbarbert skalle, og seier med eit smil: «Det er genene som gjere dette her». På avstand kan treninga sjå roleg ut, men det er hardt, og når ein sveitar mykje så er det praktisk med kort hår. Men han kan og visa til mange med halvlangt hår som er veldig, veldig gode, og peikar ut fleire unge talent av begge kjønn.

På førehand hadde Fitjar karatesenter invitert interesserte til å koma å sjå på, og begge dagane var det eit jevnt sig av fitjarbuarar som overvar litt av treninga frå tribunen. I foajeen var det råd å slå seg ned og å få kjøpt seg noko å bita i og drikka.

Karate-gjengen kan sjå alvorlege ut, ja nesten litt skremmande der dei hentar krefter frå intet og slår eller sparkar til,  men etter å ha studert denne gjengen i nokre timar trur eg nok at både damene og mennene her eigentleg er mjuke ikkje berre på utsida, men og på innsida, sjølv om dei er disiplinerte og sterke.

 

Deltakarar og instruktørar på Gasshuku på Fitjar 17.-18. april 2010.