Over hundre born og vaksne frå Bergen, Stavanger, Haugesund og Sunnhordland hadde trenarsamling, JKA Gasshuku, i Idrettshallen denne helga.

Landslagstrenar Arild Damm instruerte saman med Helge Sæle, som er medlem av teknisk komité JKA karate Norway. Fitjar sin karateleiar Sukhwinder Koløen var også med. Tre store grupper, ordna etter farge på beltet dei har oppnådd, fekk instruksjon før dei øvde i mindre grupper. Me la merke til stor skilnad i alder, frå seks år til seksti, men det fungerer fint, seier Sukhwinder. Han nyttar høvet til å framheve kor flott det er med øving av styrke, kondisjon og koordinering i karate, og legg til at JKA Norway framhevar gode haldningar og mentalitet gjennom spennande, effektiv og tradisjonsrik trening. Denne sporten er eit godt alternativ i høve til dei store idretts-aktivitetane.

Etter instruks og øving i dag, var det tid for gradering, for å oppnå nye belte. Beltesystemet er omfattande frå kvitt til svart, med minst ti fargekombinasjonar. Irene Koløen frå Fitjar har oppnådd brunt belte etter minst fire års deltaking. Neste gradering for henne er svart belte, noko som krev trening over lang tid. Elles er me spente på om nokon av dei yngre frå Fitjar oppnådde nye belte i dag.

Karategruppa øver to gonger i veka på Øvrebygda skule under leiing av Sukhwinder Koløen. Kona hans, Bente Ringheim Koløen, fortel at ei trenarsamling som denne krev mykje planlegging, men med gode medhjelparar går det fint. Blant anna skal det ordnast med overnatting til alle tilreisande utøvarar. Godt fellesskap mellom liten og stor var lett å legge merke til denne helga.