Kantor Jan Overweg hadde sitt første møte med kyrkjekoret i går kveld, og det verka som om han fann tonen med dei ivrige songfuglane.

Den nye kantoren begynner i stillinga si i Fitjar kyrkje i desse dagar, etter at han har hatt ei tilsvarande stilling i Stord i 20 år. Men der har han ikkje hatt eit kyrkjekor som det han er i ferd med å skipa i Fitjar no. Han fortel at det siste koret han hadde på permanent basis, var kyrkjekoret Bru kantori i Florø kommune. Songarane kom frå dei tre bygdene Nordal, Eikefjord og Stavang.

Rundt 20 songarar møtte opp til den første øvinga i det nye kyrkjekoret i Fitjar. Av desse var flesteparten kvinner, og utfordringa blir som vanleg å skaffa nok gode mannsrøyster, helst bassar. Kantoren er likevel godt fornøgd med frammøtet første kvelden, det er bra at koret er nesten komplett frå dag ein, seier han til Fitjarposten.

Den første øvingskvelden blei brukt til planlegging og litt informasjon om opplegget. Både kantoren og songarane fekk gitt uttrykk for sine forventningar til koret. Overweg ser for seg at det skal bli mest klassisk musikk. Sjølv om han gjerne vil vera med på det meste, vil han at den seriøse musikken alltid skal liggja i botnen. Han lova at kormedlemmene skal få rettleiing i stemmebruk av ekspertar på stemmebruk, det finst fleire dyktige songpedagogar på Stord.

Det blei ikkje mykje song første kvelden, men nok til at Overweg fekk høyra klangen i koret sitt. Han orienterte litt om pust og stemme, og korleis lyden kjem ut i rommet. Og dette let til å fungera bra i salme nr. 897 «Å, denne kilde ren som paradiset, den springer frem her like ved min fot …»

Dei nærmaste måla for det nystarta kyrkjekoret i Fitjar blir å delta i gudstenesta allehelgenssøndag, på julekonserten i desember og under gudstenesta første juledag.

No blir det øving kvar onsdag framover, kl. 19.30. Til neste øving møter kantoren ein halv time tidlegare, for eit mini notekurs. Han vil vera til stades for å hjelpa dei som ønskjer det å lesa notar. Han gler seg til framhaldet, og ser gjerne at det dukkar opp eit par nye mannsrøyster.

 
Kantor Jan Overweg ser ikkje ut til å ha vanskar med å få vellyd ut av det nye koret sitt. Foto: Kjetil Rydland.