Førjulstid er messetid, og i dag var det mange som tok turen til Dåfjorden.

Velforeninga stod som arrangør av ei innhaldsrik og variert julemesse.  Mange besøkjande nytta høvet til å kjøpe middag. Og etter ein handlerunde var det lagleg å kjøpe kaffi og kaker og ta ein god prat med kjende eller ukjende, både frå Fitjar og Stord. Ja,  til og med vossingar la turen innom messa. Fleire av dei som selde varer skrytte av kor kjekt det var å ha stand i Dåfjorden.

Turen til Sælevik skule var ikkje forgjeves for dei som ville kjøpe ei julekorg i stoff, eit par lubber utanom det vanlege eller ein boks med småkaker som høyrer jula til.Elles kunne ein og kjøpe hjarteforma adventspynt med ljos i, diverse snop, godlukt og barnekle. Også ein lokal forfattar var på plass. Magnus Stokken fekk nok avsetnad på den andre dikt-boka han har gitt ut.Boka har tittel Klapp og lusing. Ho er rikt illustrert av Oddrun Hatlevik, som også bur i Øvrebygda.