Utstyrde med litt nistemat og vassflasker la me i veg til øya Eika ein varm sommardag

Øya, som hadde åtti fastbuande på trettitalet, fekk vegsamband i 2008 og seinare har det blitt eit populært turområde som ligg ved inngangen til Eiksundtunnelen på Sunnmøre. Me fekk ein flott føremiddagstur i vakkert landskap med skog og opne plassar. Innimellom passerte me ei lita tjørn med blømande vassliljer, hytter og nedlagte bruk. Mogne blåbær gav oss farge på fingrar og tunge. Ved vegs ende fekk me auga på tre hjortar i eit skogholt. Dei stod der ei stund trass i byggjeaktivitet på ei hytte like ved. Me gjekk forbi eit gammalt hus med typisk skuletun. Det var godt vedlikehalde. Då me var på heimveg, vaia flagget på husveggen. Kjentfolk fortalde at det skulle vere gudsteneste i den vesle skulestova. Om lag midtvegs i turtraseen fann me rasteplass med bord og benkar. Der kunne ein også skrive seg i turboka. Litt regn før sola kom fram att, gjorde berre godt.

Det som her er skrive er slett ikkje noko nytt for ein turgåar, og det meste er  vanlege opplevingar for den som går i Fitjarfjellet. Men til slutt kjem det som me ikkje har sett maken til tidlegare: Der vegen deler seg i fleire retningar, stod det ei fint utforma drikkefontene, med sitat av Ivar Aasen: Vatn er sterkaste drykken, det driv både sag og kvern. Ved eit lite trykk på rett plass spruta vatnet fram. Ingen trong gå tørste herifrå. Vassflaskene i tursekken kom ikkje til nytte denne dagen.

Kanskje nokon finn ut at det burde vere ei eller fleire drikkefontener i det flotte turområdet som no er meir tilgjengeleg og attraktivt etter at vindmøllene kom på plass?   

Biletet på framsida: Vakkert utforma drikkefontene i eit turområde. Foto Turid Sandvik