Klasse 7b ved Rimbareid skule fekk torsdag føremiddag æra av å innvia ein stor pakke med friluftsutstyr frå Friluftsrådet Vest.

Elevane kasta seg på syklane torsdag morgon, og i Breiavikjo møtte dei Knut-Arild Sørensen, 
informasjonsansvarleg i Friluftsrådet Vest, som overleverte utstyrspakken. Friluftsrådet Vest er eit samarbeidsorgan som blir eigd av Fitjar kommune og 11 andre kommunar i distriktet. Dei har rusta opp friområdet i Breiavikjo i år, og eig i tillegg 89 andre slike område, som dei har lagt til rette for ålmenta.

Til utstyrspakken som blei overlevert i dag, høyrer 7 kanoar, redningsvestar, bålgryte, steikepanne, popcornpoppar og ein lavvo. Med under dagens overrekking var og leverandøren av alt utstyret, Rune Lygre frå Kanobutikken AS i Bergen. Dei er spesialistar på kanopakkar til friluftsråd i heile Noreg, og legg vekt på samsvar med krav til tryggleik for barn. Tryggleiksutstyret må vera lett tilgjengeleg, slik at dei får tak i det før dei legg utpå vatnet med kanoane. Lygre fortel til fitjarposten.no at dette er ein spesialutvikla friluftsutstyrspakke som han har laga i nært samarbeid med Friluftsrådet Vest. På denne måten har dei fått plass til mykje utstyr innanfor budsjettrammene til kommunane.

Egendelen på disse utstyrspakkane er obligatorisk for alle medlemskommunane som ønskjer slike pakkar, men den blir på under 30 000 kr. – Så det blir mykje godt utstyr for ein rimeleg penge, for utstyret i pakken representerer ein verdi på vel 135 000 kr, fortel Lygren. Dei har klart å få prisen monaleg ned ved å unngå fordyrande mellomledd når dei får utstyret ut til kommunane via friluftsråda. Kanoane er importerte frå USA og er monterte på verkstad i Bergen. Kvar kano veg 43 kg med dei seta som Kanobutikken leverer dei med. Ein liten og nyttig detalj er vasstett rom til mobiltelefon. Dei er laga i polyetylen HDPE, som gjer at dei er svært sterke, sjølv om dei berre er nokre få millimeter tjukke. Lygren fortel at dei har levert mange kanoar til Eran Auto på Søfteland, der dei i årevis har vore i bruk kvar dag frå april til oktober  utan at det har gått hol på ein einaste av dei.

Under dagens innviing fekk klasse 7b prøva seg utpå Storavatnet i det vakre vårvêret, med instruksjon frå Sørensen i Friluftsrådet Vest. Han stod også for oppskrifta på dagens rett, som blei kokt i bålgryta; biddus er ein samisk rett med poteter, gulrøter, løk, paprika, reinskav og viltsaus med ymse krydder. Rapportane fortel at retten smakte.

Til slutt måtte alt utstyret berast på plass att, og festast på biltilhengaren, der det skal vera lagra til ei kvar tid. Rektor Svein Kåre Meling ved Rimbareid skule fortel at det ikkje er heilt avklart enno korleis bruken av utstyrspakken skal administrerast, og av kven. Brukarar vil hovudsakleg vera skulane i Fitjar og ymse lag og organisaasjonar. Me vil koma tilbake med fleire opplysningar når dette er nærmare avklart.