Det dukka opp ei framand kanin på Rimbareid i kveld. Kjenner du til nokon som saknar ei lysebrun kanin?

Me fanga kanina, satte den i bur og har gjeve den mat og vatn, fortel Guro Rimmereid som håpar eigaren snart melder seg slik at kanina kan få koma heim. Om det er di kanin eller du veit kven si det er så kan du ringa 53 49 79 88 / 975 28 001.

Etter vel eit døgn på videvanke og ein halv times annonsering på Fitjarposten er no kanina tilbake hos eigarane sine.