I dag blei ein kanin frå Studalen fanga på Rydland etter å ha vore på videvanke sidan vinterferien i februar.

Det er Lars Rydland som kom over ein kanin i «landsbyen» ved innkøyrsla til Svartasmoget. Der har den halde seg eit par veker, før den til slutt blei fanga ved hjelp av ein lang veterinærhåv.

Dermed var fire månader i fridom over for kaninen som kom til Rydland på vinterferie i februar. Saman med kaninkompisen sin frå Stord skulle den bu i buret sitt i gamlefloren på Rydland. Men det lukkast kaninane å koma seg ut av buret, og etter kvart kom den eine seg ut av floren.

Kor kaninen har vore desse fire månadene, er det ingen som veit. Problem med å finna nok mat har det sikkert ikkje vore, det var jo knapt vinter i år.

Familien Andresen i Studalen hadde for lengst avskrive kaninen, og blir nok glade for å sjå den att i live. Men hovudpersonen sjølv såg både gretten og redd ut då me helste på i kveld.