Kan du hjjelpa Ingrid? Foto: Jonas Sætre/Stord24

Skyss sine sommarruter skapar vanskar for Ingrid Hovstad. Kanskje du kan hjelpa ho?

Fitjarposten sin eminente journalist, Ingrid Hovstad, har også ein annan jobb. Ho står nemleg grytidleg opp for å plukka Hogste-egg på familiegarden Hovstad gard på Fitjar.

Men Ingrid har flytta til Stord, og er prisgitt Skyss sine morgonavgangar klokka 06.00 eller 06.50 frå Leirvik. Ho har nemleg ikkje lappen.

Plutseleg oppdaga ho at Skyss har kutta ut desse avgangane i sommarrutene, slik at ho ikkje kjem seg for på jobb fleire timar seinare. Så lenge kan ikkje hønene venta.

Difor spør me lesarane våre om det er nokon som kan gi Ingrid skyss frå Stord til Fitjar i sommar? Det bør vera nokon som køyrer til Fitjar mellom klokka 6 og 7 på morgonen, og ho kan gå av ved Rydland.

– Eg treng skyss så eg kan byrja å plukka egg innan klokka 7.30. Eg kan godt koma til Sagvåg om det er nokon i det området som skal nordover, seier ho.

Ingrid kan kontaktast på tlf. 472 43 971.