Terneunge med mor i Havn i kveld; kanske har ternemor fleire ungar i ermet? Foto: Kjetil Rydland.

Makrellterneparet i Havn har fått fram minst ein unge, men det er langt fram før dei kan slå fast at årets hekking har lukkast.

Då me stilte oss opp på flytebryggja i Havn i kveld, kunne me sjå at terneparet som har halde til der i sommar, hadde fått selskap av ei juniorterne. Den unge spankulerte på ustøe bein ved sida av ternemor, som såg ut til å liggja på reir framleis.

Ein meter unna sat ternefar og passa på. Kanskje har ternemor fleire ungar i ermet; det vil dei nærmaste dagane visa.

Makrellterna (Sterna hirundo) er den vanlegaste terna i Noreg. Dei som har funne vegen til Havn i Fitjar, har reist langt for å ruga fram ein ny generasjon, heilt frå dei sørlege og vestlege delane av Afrika.

Måtte dagens jobb til slutt gi eit vellukka resultat. Det er nok langt fram for dei arme ternene som er truga av svartbak og andre fiendar på alle kantar. Men kjenner me ternene rett, vil dei kjemp med nebb og klør for å berga avkommet sitt.

Ein meter unna sit ternefar og passar på. Foto: Kjetil Rydland.