Etter ei høgtidsstund på Fitjar Fjordhotell torsdag kveld er no kampoppsettet for den 27. vintercupen i Fitjar klart.

For dei mest nostalgiske av oss var det eit visst sakn at Ole Bergesen ikkje hadde høve til å stå for trekninga i vintercupen i år. Det plar vera underhaldning av beste merke når han tar fram stresskofferten med dei sølvglinsande kinderegga og leiar fotballfolket gjennom den spanande trekninga føre vintercupen.

Men Ronald Hareide og Rune Brakedal gjennomførte trekninga i fin stil. Eit tjuetals lagleiararar, trenarar og andre interesserte fekk vera med og trekkja kampane. Først ute i bollen med sølvkulene var leiar i fotballgruppa, Kari Steinsland Vik, og etter kvart fekk dei fleste lagleiarane vera med og trekkja ut lag til dei ulike kampane.

Alle kampane blir avvikla på ein og same dag, og turneringa startar laurdag morgon klokka 09.30 med damekamp mellom Vestbøstad 1 og 2. Damefinalen går av stabelen klokka 15.00 om ettermiddagen. Herreklassen startar klokka 10.00, og blir avslutta med A-finale laurdag ettermiddag klokka 15.30.

Fotballfolket avsluttar årets sesong med bankett og utdeling av premiar på Fitjar Fjordhotell laurdag kveld.

Her er oversikt over alle kampane i årets vintercup.

 

- Annonse -