Fylkestannlegen går inn for nedlegging av den offentlege tannklinikken på Fitjar.

Diskusjonen har gått over fleire år, men det har ikkje lukkast å halda personale på klinikken.No seier Fylkestannlegen at klinikken skal leggjast ned, seinast innan hausten 2013, og brukarane skal overførast til klinikken på Stord. Saka skal avgjerast endeleg av Fylkesutvalet, og det skal jobbast aktivt frå Fitjar for å oppnå eit positivt vedtak der.

Denne saka skapte temperatur i kommunestyret i ettermiddag. Ordføraren informerte om at det er 7 – 800 klientar i Fitjar som kjem inn under målgruppa til den offentlege tannhelsetenesta: Barn og unge 0 – 18 år, personar i institusjon, eldre i institusjon og i heimesjukepleie og rusavhengige.

Dersom nedlegging på Fitjar må alle klientane køyrast til Stord av foreldre, pårørande eller pleiarar. Det vil gi eit urimeleg kostnads- og tidsforbruk for dei det gjeld, og kommunen vil få sin store del av desse kostnadene.

Kommunestyret vedtok samrøystes å be Fylkesutvalet om ikkje å støtta Fylkestannlegen sitt vedtak om å leggja ned tannklinikken på Fitjar.