Denne helga er mange handballspelarar opptekne med på å kjempa om sigrar og poeng under Handballfestivalen på Leirvik. Også spelarar frå Fitjar tok del.

 

I år er det 26. gong at Handballfestivalen vert arrangert, og over 400 lag er med på handballfesten. Her følgjer nokre glimt frå det fitjarspelarane var med på laurdag.

Dei yngste spelarane FItjar hadde med, var desse jentene på J9-laget. Dei byrja på handball i haust, men viste alt at dei hadde lært ein heil del om korleis handball skal spelast.

 

 

Mini-J9-laget: (Bak frå venstre) Elisabeth Rydland Sæbø, Tomine H. Helland, Hanna K. Vestbøstad og Ingeborg Bjørsvik Hoff. Framme frå venstre: Elise de Fine Olsen og Selma Andresen. Foto: Arne Vestbøstad

 

Ein kjekk del av festivalen opptoget laurdag føremiddag, og då blir laga oppfordra til å finna på morosame ting, som å kle seg ut. Jentene på J9-laget satsa knallhardt på eit dyretema, med mus og kaninar.

 

Elisabeth Rydland Sæbø på full fart gjennom forsvaret til Gneist, i ein kamp som enda 7-7. Foto: Arne Vestbøstad

 

G10-laget spelte sine kampar på grasmatta på stadion. Det uvante underlaget såg ikkje ut til å by på problem. Gleda over å spela handballkamp vann over utfordringar bane- og vêrtilhøva skapte.

 

G10-laget: (Bak frå venstre) Andreas Auestad, Jens Ragnar Helland, Alfred Auestad, Birk Træet, Elias Gerhardsen. Framme, frå venstre: Markus Westerheim, Sander Nordbustad, Halstein Sæterbø og GabrielHelland. Foto: Arne Vestbøstad

 

G10-laget slutta med minihandball-reglar i år, og lærer seg enno korleis det er å spela med seks utespelarar. Det gjorde at instruksane frå trenarane kanskje var meir detaljerte enn på ein handbalkamp for dei litt eldre, men desse spelarane har god tid på seg til å læra.

 

Alfred Auestad i mål gjorde mange gode redningar, men klarte ikkje å hindra at det blei tap mot Mathopen i opningskampen. Foto: Arne Vestbøstad

 

Også J12-laget til Fitjar deltok i Handballfestivalen. Målet var å vinna fleire kampar enn i fjor. Men lett skulle det ikkje vera. Mange på laget er yngre enn motstandarane, men optimismen var der.

 

J12-laget: (Bak frå venstre) Clara Wohlrab, Maria Korsvik, Oda Volden de Fine, Mia Volden, Linnea Vestbøstad og Marion Træet. Framme frå venstre: Victoria Maraas, Lorentze Waage, Angelica Lundal, Ingvild de Fine Olsen, Isabell Rydland og Katharina Skumsnes, og heilt framme: Ronja Maraas. Foto: Arne Vestbøstad

 

Den første kampen til J12-laget, mot Fyllingen 1, enda med tap. Ein grunn var at Fyllingen hadde eit aggressivt, høgt press som tok litt luven av spelet til Fitjar, og i tillegg var dei meir effektive.

 

Felles for alle fitjarlaga, var at dei hadde god støtte på sidelinja. Foto: Arne Vestbøstad

 

På Stord United fann me nokre kjenningar. I mål stod Mathias Lussand Larsen og Runar Søreide Skogedal spelte ute. Også Jørund Thorland spelte på dette laget. Foto: Arne Vestbøstad