Om dei no kjenner lusa på gangen, veit me ikkje. Men fitjarelevane var i alle fall på storstilt lusejakt den siste veka før haustferien.

Det var FAU Rimbareid som tok initiativet til ein felles kampanje mot desse ørsmå krabatane. Hovudlus er ikkje farlege, men dei kan vere særs ubehagelege. Og det kan synast vanskeleg å bli kvitt dei.

– Alle foreldra har fått eit skriv om denne luskampanjen og om kva dei skal gjere for å sjekke ut om barna har hovudlus eller ikkje. Om nokon ikkje har fått gjennomført sjekken enno, vonar me at dei kan få utført han før elevane kjem tilbake til skulen etter haustferien. Lusekam vart delt ut til alle elevane i 1.-2. klasse i år. (Dei andre klassane har fått tidlegare år), seier leiar i FAU Rimbareid Lovise Vestbøstad til fitjarposten.no.

Slik sjekkar du håret for hovudlus (Tala viser til bileta til høgre)
1. Erfaring tilseier at lusesjekken er lettast å gjennomføre i tørt hår; grei gjerne gjennom håret med lusekam over eit kvitt ark. 

2. Det er lettare å kjenne att hovudlus som dett ut av tørt hår når dei beveger seg. (Dersom ein tek vatn i håret, festar lusa seg betre, men dei rører seg ikkje før dei er tørre igjen. Våte lus kan dermed lett forvekslast med «lo eller rusk».)

3. Ei fullvaksen lus, nymfer og egg attmed ei fyrstikk.

Dersom du finn hovudlus, bør du starte behandling snarast. Det finst fleire typar middel på apoteket. Hugs at all behandling må gjerast to gonger; andre gong etter 6-8 dagar. Og uansett medikamentell behandling er det viktig å bruke lusekam kvar dag i tillegg!

– Det er oss vaksne som kan gjere den viktigaste jobben: greie borna med lusekam! seier Lovise Vestbøstad til slutt.