Fitjar-juniorane kjempar om plass i A-sluttspelet etter uavgjort 2-2 mot Konnerud IL onsdag morgon.

Onsdag morgon spela gutane ein av sine beste kampar nokon gong, men gjekk litt vonbrotne av banen. Det stod nemleg 2-1 til det stod att berre sekund av kampen, og med det siste sparket på ballen utlikna Konnerud til 2-2.

Det er ikkje alltid Fitjar-gutane er dei kvikkaste om morgonen, men denne gongen kom dei godt i gang, og tok snart kommandoen mot Drammens-laget Konnerud. Gårsdagens bestemann, Øyvind Fykse Lie, måtte stå over kampen pga. ein liten skade. Men Kjell André Thorland spela ein ny strålande kamp på midtbanen. I tillegg kjempa heile laget godt heile kampen igjennom.

Konnerud gjekk opp til 1-0 tidleg i 2. omgang, men ikkje lenge etter utlikna Øystein Fitjar Waage for Fitjar. Rundt 10 minutt før slutt tok Fitjar leiinga 2-1 på scoring av Brynjar T. Engelsen, og då såg nok både spelarar og supporterar for seg ein grei siger. For Konnerud hadde nesten ikkje hatt nokon opne målsjansar utanom den dei scora på. Men det kan verka som om gutane var litt for sikre på sigeren og gløyde det fine spelet dei hadde vist heile kampen. Og i dei aller siste sekunda greidde Konnerud  å lura ballen inn ved stolperota til Vidar Vestbøstad, etter litt for lite kontant forsvarsspel frå Fitjar-gutane si side.

Det er sjeldan å sjå gutane gå vonbrotne av banen etter uavgjort, men denne gongen opplevde dei det litt surt. Med siger i denne kampen hadde dei vore sikra plass i A-sluttspelet. No er alt ope til alle kampane er ferdige i ettermiddag. Det tyske laget Rantrum leier gruppa etter 2-0 mot dei lokale danske drenge frå Harken. Dermed er det tre lag som kan vinna gruppa, og trenar Rune Brakedal seier at det einaste som no gjeld, er å vinna mot tyskarane i ettermiddag.

Om lukka og internett står den kjekke bi, kjem Fitjarposten attende med referat frå den kampen seinare i dag.