Då kamelen kom inn på scena under julespelet til 7. klassingane, vart det kjemperespons. Låtten runga, og den gode stemninga i salen vart ytterlegare heva.

Om det ikkje var smekkfullt, var det også denne gongen svært bra med folk under framføringa i Kultursalen. Elevane gjorde ei kjempeframføring, og både dei, lærarar og foreldre fortener stor ære for  førestillinga.

Lærarane har stått på dagen lang i det siste, og foreldre, som òg laga den fantastiske kamelen, har også stått på, og etter førestillinga til arrangerte dei premierefest for aktørar og lærarar.

Vel blåst.