Elleve kalvar er sakna frå beitet sitt på Rydland i dag.

Det er Lars J. Rydland som fortel dette til Fitjarposten. Dei elleve kalvane er fire-fem månader gamle, og så små at dei framleis får mjøl morgon og kveld. Men laurdag morgon møtte dei ikkje opp til frukost, noko som uroar eigarane i Rydland Storfe sterkt.

Lars J. Rydland fortel at han farrekte kalvane opp Gamle Sæterbøvegen, men ved Orraskitekjeldo, rett nedanfor Sæterbøgarden, sluttar alle spor. Han gjekk ein runde rundt Grøvlehaugen, og har elles leita alle tenkjelege plassar, men utan resultat. No er vona at dei dukkar opp att av seg sjølve når dei blir svoltne.

Dersom du har opplysningar som kan vera av interesse for kalveeigarane, kan du ta kontakt med Lars J. Rydland eller ein av dei andre bøndene i Rydland Storfe.