Dei elleve forsvunne kalvane på Rydland har kome til rette.

Det er ein letta Lars J. Rydland som melder dette til Fitjarposten i kveld.

Etter at dei ikkje dukka opp til frukost laurdag morgon har kalvane vore sporlaust forsvunne. Men i ettermiddag dukka dei opp på innebøen på Liarbø, og dei var ikkje tunge å be då dei fekk tilbod om mjøl til kvelds.

Så i kveld er dei trygt på plass i Gardåkermyro, der mjølbryene står.