Skulekorpset starta salet av dei populære advents-kalendrane sine på måndag etter øvinga.

Gevinstar til ein verdi av 15 000,- ligg og ventar på dei som måtte vera heldige innehavarar av dei rette nummera ein av dei 24 første dagane i desember. Men for å kunna ha vinnarsjanse må ein sjølvsagt sørgja for å skaffa seg ein kalender. Under korps-øvinga på Rimbareid skule måndag kveld fekk alle musikantane og aspirantane kvar sin bunke med kalendrar som dei skal gå rundt å selja. Fitjar skulekorps er for tida i vekst, og tel no 30 musikantar i hovudkorpset. I tillegg er det 9 musikantar i juniorkorpset og 11 aspirantar. Det kostar pengar å halda instrument m.m. til alle desse, og inntekta frå salet av den tradisjonelle adventskalenderen er ei viktig og sikker inntektskjelde for korpset.

Kalendrane kostar 100 pr stykke. Kalenderen er eit ark i A4-størrelse som er ei fotomontering laga av Karl Olav Lunde. Midt på kalenderen står det ei oversikt over kva gevinstar som skal trekkast dei ulike dagane. Den største premien, som er eit videokamera, vert trekt på julaftan. Øvst i høgre hjørna på kalenderen står det eit nummer, og det er dette nummeret ein kan vinna på. Det vert trekt eit vinnarnummer kvar dag frå 1. til 24. desember, og dette nummeret vert offentleggjort på nettet her på Fitjarposten og i papirutgåva av bladet Sunnhordland. Dei som vinn må så ta kalenderen med seg til kundetorget på Rådhuset på Fitjar innan 07.01.11, der dei får utdelt gevinsten. Har nokon problem med å koma seg dit innan fristen, kan dei ta kontakt med Kari K. Prestbø i økonominemnda til skulekorpset på tlf. 414 02 845.

Musikantane kjem no til å gå frå dør til dør for å selja kalendrar. Dei som likevel ikkje får besøk av kalenderseljande musikantar, eller som ikkje var heime då dei fekk besøk, kan anten ta kontakt med ein korpsmusikant dei kjenner eller ta turen innom Joker på Rydland, Cafe Annemor eller Thea Træet, der dei kjem til å selja kalendrar om vel ei vekes tid.

Som vanleg vert det og eit adventslotteri med mange flotte premiar. Hovudpremien i adventslotteriet er ein fiks ferdig adventskalender med «innmat».  Loddbøkene til adventslotteriet kjem ikkje på døra di. For å kjøpa lodd her må du koma innom loddstanden til korpset hos Larsen 24. eller 26. november eller loddstanden på Rema 1000 25. november. På desse loddstandane kan ein og få kjøpt kalendrar, så det vert rikeleg høve til å støtta korpset for dei som ynskjer det. Både adventslotteriet og kalendersalet vert avslutta 28. november.

Korpset ynskjer å takka alle som har støtta dei med gevinstar, og alle som kjem til å støtta dei ved å kjøpa kalendrar og lodd. Ynskjer du å verta betre kjend med korpset kan du besøkje heimesida deira her.