To svarte hundar, ein med og ein utan halsband, er ute og spring åleine på Rimbareid.

Ungane som kom med meldinga seier at den eine hunden kan sjå ut som ein liten elghund, den andre var større og den fekk dei teke bilete av før hundane stakk av garde igjen.  Dei som oppdaga hundane prøvde ikkje å fanga dei, så foreløbig er dei fortsatt på frifot, og eigaren må leita dei opp sjølv…