Sola skein og me kjende ho varmde, men jammen var det kaldt.

Den første me trefte på isen på Hellandsfjorden i ettermiddag var Emilie (12 år). Ved sida av henne låg det nokre fiskar. Ho stod tolmodig med fiskestonga og venta på fleire napp. Foreldra hennar, Agnete og Ove Helland, hadde tatt med seg heile familien på isfiske. Barnebarnet Tiffani på 8 månader låg lunt og godt i vogna og sov. Ove fortel at tykkleiken på isen er varierande, 10 – 20 cm, og han minna om at det er all grunn til å vere merksam på «svake parti».

Familien har naust i nærleiken, og etter 1,5 timar var det høveleg å gå inn og varme seg litt. Dei såg ut til å vera nøgde med fangsten, mest sei og litt torsk. Til saman hadde dei nok 15-20 fiskar.

Lenger nord på Hellandsfjorden stod det 2 gutar frå Vestre Jakobselv. Dei var ute og fiska saman med bestefar Rolf Helland og mamma Johanne. Familien hadde ikkje fått så mange fiskar. Men Fredrik drog no opp ein kviting då me var på veg heimatt. Me høyrde ikkje at nokon fraus. Finnmarkingane taklar mykje kaldare ver enn det me har i desse dagar. Johanne fortalde at dei hadde med seg varm kakao og litt mat, så dei hasta ikkje heim.

Me veit at det har blitt fiska på isen fleire dagar i denne veka. Skal me tru vervarslinga, vil det nok bli høve til fiske i neste veke og. Men som sagt, ver på vakt, sjøisen er lumsk. Høyrde på radio at ein burde ha med seg ispiggar i ei snor ved ferdsel på isen. Var det nokon av oss som tenkte på det i dag ?