Dei som tok årets første bad i dag fekk ei kald oppleving.

Det har vore fleire flotte vårdagar på Fitjar i det siste. Ungane meiner det er sommar, og sjø og vatn freistar dei. I ettermiddag viste gradestokken 16 grader på land i Breiavikjo medan sola skein frå skyfri himmel, fuglane kvitra, løvetannen strekte seg mot lyset og vatnet blenkte og såg både varmt og innbydande ut. Men då me senka gradestokken ned i Storavatnet kraup søyla ned til 10 grader. Likevel klarte ei av badenymfene som var der  både å dukka seg og å ta nokre svømmetak. Eit friskt bad, strålte ho då ho karra seg på land og strekte seg etter handkleet.  Badetemperatur i Breivaikjo 21. mai 2010: 10 grader celsius.