Vêret var kjølig, men Tiril Bukkholm Stegane og Svein Kåre Meling varma under årets 17. mai-feiring i Fitjar, med tankevekkjande prolog og tale i Håkonarparken.

Markeringa av dagen starta som vanleg med flaggheising framfor Rådhuset kl. 8. Då folket hadde samla seg på rådhusplassen før barnetoget kl. 10, song fire jenter frå 6. klasse ved Rimbareid skule, Hedda Kongestøl, Emma Aleksandersen, Andrea Hollund og Anna Thorland, ”Fagert er landet”. Etterpå fekk me høyra ein appell for dagen ved Elin Korsvik og Rebekka R. Koløen, som går i 7. klasse ved Øvrebygda skule. Barnetoget samla også i år bra med folk, trass i det usikre vêret. Etter familiegudstenesta i kyrkja la ordførar Harald Rydland ned krans ved minnestøtta over fitjarbuane som fall i 2. verdskrigen.

Under arrangementet i Håkonarparken fekk me høyra Fitjar Skulekorps og eit kor samansett av born frå alle barnehagane i Fitjar. Ingrid Skår Bergesen gjorde som vanleg stor lykke med songen sin, denne gongen med «Danse mot vår», av Rolf Løvland. Men sterkast inntrykk av alle i parken i dag gjorde 10.-klassingen Tiril Bukkholm Stegane med prologen sin. Ho hadde skrive den sjølv og framførte den utan manuskript. Ho fokuserte på kor godt me har det i Noreg, og makta på imponerande vis å setja vårt eige liv og våre eigne verdiar i perspektiv. Dagens talar var Svein Kåre Meling, som går av med pensjon til våren, etter 37 år i Fitjar-skulen. Me som hadde høyrt han før, hadde store forventningar, og han skuffa ikkje denne gongen heller. Dessverre blei vêret så dårleg at enkelte måtte trekkja i hus, men dei som blei att fekk høyra ein av dei beste talane i manns minne. Den raude tråden i talen var kunsten å vera fornøgd med livet slik det er, og han brukte ei dame han kjente frå Austevoll som døme. Herborg Maria kom frå Møgster og blei fødd for 109 år sidan. Livet der ute var ingen dans på roser, men Herborg Maria var alltid takknemleg for livet, for familien sin og for at dei hadde nok mat. Ho broderte livsmottoet sitt og hengte det opp i stova i glas og ramme: ”Vær altid fornøiet, ha stedse for øiet at du har det godt.” På denne måten minte ho seg sjølv og andre på at det er viktig å sjå etter det me kan gle oss over. Ingen av oss som fekk med oss talen til Svein Kåre, gjekk tomhendte heim att denne gongen heller.

Etter arrangementet i parken heldt 17. maiferinga fram i krinsane, slik tradisjonen er. Fitjarposten tok som vanleg turen til Hageberg skule. Der møtte det opp eit par hundre fastbuande og utflytta strandarar. Stranda Vel hadde kafe i skulehuset og arrangerte konkurransar ute og inne. På programmet stod blant anna hesteskokasting og spikerkonkurranse.