På Ormen Lange-anlegget måtte over 40 arbeidarar  flytta ut av brakka fordi det vart oppdaga kakerlakkar der. Det var reinhaldsfirmaet som melde i frå om at folk måtte skifta brakke, og formann Harald Årvik stadfestar overfor Sunnhordland at ein brakkerigg er evakuert. Noko meir ville han ikkje seia om saka. Kakerlakkane skal vere oransje og om lag ein centimeter lange. 

-Kakerlakken trivest godt i varme, fuktige miljø. Han er altetande, og gøymer seg om dagen i revner og sprekker. Om natta er kakerlakken aktiv. Mest skade gjer desse dyra ved at dei ureinar matvarer og spreier eit illeluktande sekret. Og dei kan spreia bakteriar, skriv Sunnhordland vidare.