Ei av elevbedriftene ved  Fitjar vidaregåande skule heiter ”Kakepatruljen”. Laurdag inviterte dei, i lag med dei andre elevbedriftene ved skulen, til ”Julemarknad”. 

Dei arbeidsvillige ungdomane hadde flotte kaker til sal, og dei understreka òg at det er berre å bestilla om du har lyst på gode kaker, eller treng noko godt ved eit eller anna høve.

 

-Utruleg bra fiskekaker. Heile 70 prosent rein fisk. Du kan velja mellom tre sortar, og me har dessutan fiskekaker spesielt tillaga for born, reklamerte Joakim Mindresunde og Carina Vassnes som er med i elevbedrifta ”Stordafisken UB rett overfor dei, , og me fall pladask for fiskekakene deira med bacon og løk. -Barnefiskekakene er lettare  krydra enn dei andre, fortel dei.

 

Like bortanfor fann me ”Fitjar saft og coulis”. ”Coulis?”, undra me, og fekk vita at det kan samanliknast med ein topping som du kan kjøpa på flasker til å ha på is og liknande. -Men vår topping er kokt på reine bær, og du finn ikkje eit einaste e-stoff i produkta våre, opplyser Simen Sande, svært engasjert, medan dei andre i firmaet nikkar og understrekar det same. Dei fortel elles at dei har prøvd seg litt fram for å finna den beste smaken, og at utfordringa er å koka akkurat passe for å få den rette konsistensen. –Me kan nok ikkje konkurrera på pris, men absolutt på kvalitet, smiler dei.

 

Andre elevbedrifter på Fitjar Vidaregåande sel middagar til travle småbornsforeldre, lager matjesild, nydelege kaker – eller marsipan og sjokoladegodt. Og ikkje såg me anna enn at bygdefolket møtte opp, og på denne måten skaffa seg godsaker til jul.

 

 I tillegg til å handla på elevbedriftene, nytta elles mange høve til å skaffa seg englar av Alma Kjærland, lefse, rognebærgele eller mjølkeprodukt på marknaden lenger inne i bygget.