Taxisjåfør Bo Gøran Bernersson får takk for hyggjeleg skuleskyss frå barn og unge i Osternes etter at han no er slutta å køyre skuleruta der.

– Me, ungane og ungdomane i Osterneset kjem til å sakna den ganske så snille drosjesjåfæren vår. Takk til Bo Gøran, betre sjåfør (sjarmør) finst ikkje :), heiter det i ein SMS til fitjarposten.no. I SMS-en er det òg bilete av kaka ovanfor, ei kake me nok trur Bo Gøran har fått smake.