Morten Korsvik og Rebecca Koløen vann sine klassar under NM i karate i Bergen sist laurdag, og tysdag kveld vanka det blomar og kake då ordførar Wenche Tislevoll kom besøk på treninga.

Det blei lite trening, men desto meir gode ord og kaker då Fitjar Shotokan Karateklubb gjorde ære på dei ferske norske meistrane sine. Ordførar Wenche Tislevoll hadde med seg ein liten premie til Morten Korsvik og Rebecca Koløen, og takka dei for innsatsen som gode Fitjar-ambassadørar.


Andrzej Rutkowski og dei andre karateutøvarane kosa seg med kake under dagens trening i Øvrebygda. Foto: Kjetil Rydland.

Meisterskapet blei avvikla i Slåtthaughallen i Bergen, og Fitjar stilte med fire deltakarar. Anne Berntsen og Christina Koløen kjempa godt i dei innleiane kampane, fortel primus motor, Sukhwinder Koløen. Men dei kom seg ikkje vidare. Det gjorde derimot Morten og Rebecca, og det med brask og bram. Morten måtte stilla i ein klasse over sin eigen, i 3-1 kyu 17-18 år. Dermed møtte han motstandarar som var eit par år eldre. Men det hindra han ikkje i å gå heilt til topps i klassen kata, mønster med simullert kamp, og i tillegg vann han sølv i frikamp. Rebecca vann sølv i kata, og gull i frikamp.

Arrangør av laurdagens NM i Slåtthaughallen var Nordås Karateklubb. Det blei konkurrert i shobu ippon, der det ikkje finst vektklassar eller poengsystem der ein samlar flest mogleg poeng. Det gjeld å overmanna motstandaren uavhengig av eigen storleik og vekt, med teknikk. Shobu ippon stiller store krav til utføring av teknikkane, og det er berre ippon og waza-ari som avgjer kampane. Ippon tyder eit heilt poeng, og gir siger. Ein vinn og dersom ein scorar to waza-ari, «effektiv teknikk».

Dei spreke karateutøvarane har ikkje tenkt å kvila på laurbæra. No ventar eit hardkjør for dei to ferske norgesmeistrane. Saman med fem andre frå klubben skal dei prøva seg på svart belte i juni. Det blir organisert trening tre gonger i veka, fortel Sukhwinder Koløen. I tillegg blir det eigentrening, så han reknar med dei kjem til å trena meir eller mindre kvar dag framover.

Graderinga til svart belte finn stad under sommarleiren på Vikahaugane på Stord, og sensorane kjem frå Japan. Sukhwinder fortel at landslagssjefen har invitert dei to ferske norgesmeistrane hans til å gjestetrena med juniorlandslaget til JKA Norway på Stord i sommar.

Førebels er Sukhwinder Koløen den einaste med svart belte i Fitjar Shotokan Karateklubb, men han håper å få følgje av fleire i sommar. I augneblinken har klubben hans 39 medlemmer, dei fleste barn og ungdom. Sukhwinder fortel at dei etter kvart har fått mange familiar med på trening. Fleire foreldre som kjører ungane sine på trening har blitt med sjølve, i staden for å sitja på benken, eller kjøra fram og tilbake.

Karateklubben ønskjer å sponsa juniorane sine, og har fått støtte frå ABB. – I staden for julegåver til dei tilsette har ABB oppretta eit sponsorfond, fortel Anne Berntsen. Her kan tilsette i ABB søkja på vegner av lag og organisasjonar, og det har eg gjort, fortel ho. På denne måten fekk klubben 25 000 kroner, som dei bruker på ungdommen. Desse pengane dekte turen for ungdommane som var på NM i helga.

 

Tomlane opp for karate frå Victoria Malene Maraas og Alexandra Bergesen Maraas. Foto: Kjetil Rydland.

Yoel Romero steroids