Ordførar Wenche Tislevoll kom med gåver og gode ord til den ferske norgesmeisteren. Foto: Kjetil Rydland.

I går kveld feira Fitjar Shotokan Karateklubb NM-gullet til Victoria Maraas med marsipankake, og ordførar Wenche Tislevoll kom med gåver og gode ord til norgesmeisteren og den lokale karateklubben.

Det har nærmast blitt tradisjon at karaefolket har noko å feira når dei har hatt deltakarar med under NM. Som kjent vann Victoria Maraas 15-16-årsklassen under meisterskapet, som gjekk av stabelen sist søndag.

Hovudinstruktør Sukhwinder Koløen kom med rosande ord til Victoria, og dei to andre som deltok under NM i helga, Trond Strand og Frank Solli. Eldsjela frå Helland kunne fortelja at Victoria er den åttande norgersmeisteren i Fitjar Shotokan Karateklubb. Og dette var det andre NM-gullet til Victoria; ho vann i fjor òg!

Etter treninga i går kveld feira karatefolket den ferske noregsmeisteren med ei flott marsipankake. Ekstra stas var det naturlegvis at ordførar Wenche Tislevoll kom for å gratulera og eta kake med NM-vinnaren og dei andre 30 karateutøvarane som stilte på trening i gymsalen i Øvrebygda.

Me stiller oss  rekkja av gratulantar!

Victoria Maraas, Trond Strand og Frank Solli får ros av hovudinstruktør Sukhwinder Koløen og ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.
NM-vinnar Victoria Maraas har etter kvart fått trening i å spretta NM-kaker. Foto: Kjetil Rydland.
Flott NM-kake til ein flott norgesmeister! Foto: Kjetil Rydland.