Nyårsaftan nytta me finvêret til ein tur med kajakk og ski til Ramsberget på Fodno.

På jakt etter pittoreske motiv, og med håp om å vere dei første på Fodno med ski på beina sidan reformasjonen, pakka vi dobbelkajakken og la i veg.

Om premissane for turen måtte endrast noko då vi allereie før start fekk nyss i at ein viss namnebror hadde utøvd skikunsten på Fodno for eit knapt år sidan, gløymte vi fort dette då vi kunne sjå ein vinter-oransje måne lutte mot nordlege himmelrand. Då denne seig ned bak Stolmen, vart han fort avløyst av sola i aust.

Ein flott tur til det høgaste punktet i Fitjar-øyane!

Me ski på kajakken.

Første etappe med padling over Fodnosen er unnagjort.
Første etappe med padling over Fodnosen er unnagjort.

Telemarkssving med Siglo i bakgrunnen.
Telemarkssving med Siglo i bakgrunnen.

Skulle ikkje flagget vore planta her?
Skulle ikkje flagget vore planta her?