Kjetill Hjelle har gått frivillig rundt og øver på å koma seg opp att med teknikken eskimorulle.

Kajakk-klubben inviterte til kajaktrening i bassenget på Rimbareid skule søndag ettermiddag. Det vart ei våt, men kontrolert, trening for dei 7 frammøtte.

Då Sunnhordland kajakklubb inviterte til bassengtrening på Rimbareid skule dukka det opp både trende padlarar og folk som aldri hadde sete i ein kajak før. Med 5 vaksne, to ungar og tre lange kajakkar vart det ganske så fullt i bassenget, og klubben var godt nøgd med at nye folk og viste interesse for sporten deira.

Med båtar på vel 5 meter i eit basseng på 12,5 meter var det ikkje mange padletak ein kunne ta før ein var på andre sida av bassenget. Men så var ikkje dette meint som padletrening. Denne samlinga var for at dei som ynskte å prøva ein kajakk i trygge omgjevnader kunne få lov til det, og så var det for å trena på ulike redningsteknikkar. Det er mange ting det kan vera kjekt å øva på i oppvarma vatn og på ei djupna der ein er sikker på å stå i botnen. Dei øvde seg på å koma oppi og utav båten både frå land og frå vatnet, og dei øvde på ulike former for eigenredning som eskimorulle og dei øvde på kameratredning.

Ein av dei nye padlarane fortel at dei lenge har sett at det stadig vert fleire som padlar, og no var det på tide å prøva sjølv. Kajakken verka ganske ustødig med det same, men for kvart forsøk kunne ein sjå at den nye padlaren vart stadig stødigare og tryggare, og fekk til slutt erfare at det er lett å kome seg ut av kajakken dersom ein skulle velta.

Kajakklubben brukar ha 2-3 slike samlingar i året. Det er viktig å friska opp redningsteknikkar som eskimorulle og ulike former for kameratredning.  Noko av poenget med treninga er at eskimorulla skal verta så automatisert at dersom dei går rundt når dei er ute og padlar så skal dei koma seg opp att på refleks.

I tida framover har dei tenkt å starta med faste onsdagspadlingar kl. 19. Då vert alltid ein frå klubben med, og turane er opne for alle som har lyst til å padla og som har kajakk. Til sommaren planlegg dei og overnattingstur til Slåtterøy, i starten av juni.

Kjetil Hjelle, som tok med seg kajakken då han flytt til Fitjar for snart 10 år sidan, ynskjer og at folk skal bli kjend med at klubben har ein dobbel kajakk som dei leiger ut. Den er stødig og god, og kjennes då tryggare for dei som er nye, og den fugnerer fint for dei som har dårleg balanse eller ei eller anna form for funksjonshemming. Har ein behov for det kan ein og avtala å få nokon frå klubben med seg på turen.

Etter halv-annan time på bassengkanten trong hobbyjournalisten trekka litt frisk, kald luft. Men padlarane såg ikkje ut til å villa gje seg. Ingen hadde teke skrekken og ingen såg ut til å villa heim, så kanskje padlar dei fortsatt rundt og rullar rundt der på knappe 80 kvadratmeter…

Ynskjer du å veta meir om padleklubben kan du besøkja heimesida deira her.

Kjetill Hjelle har gått frivillig rundt og øver på å koma seg opp att med teknikken eskimorulle.
Kjetil hadde god kontroll på rulla og kom seg imponerande lett opp.
Kjetil hadde god kontroll på rulla og kom seg imponerande lett opp.
Ragnhild Midtsæter, Hans A. Totland og Morten Ivarsøy får hjelp av Britt Mari Olsen, Hans Engel Ivarsøy og Kjetil Hjelle i kajakk-klubben.
Ragnhild Midtsæter, Hans A. Totland og Morten Ivarsøy får hjelp av Britt Mari Olsen, Hans Engel Ivarsøy og Kjetil Hjelle i kajakk-klubben.