Ein kajakk er funnen ved Vassenden i Storavatnet på Stord. Kan hende nokon av fitjarpadlarane veit kven som saknar kajakken sin?

 

-Kajakken er av merket Necky og ber preg av å ha lege ei stund i vatnet. Politiet ønskjer kontakt på 02800 om kven som eig kajakken, opplyser operasjonsleiar Svein Roald VIkse i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.