Kai Roger Melkevik har i vår filma og redigert ein liten underhaldningsserie der dagens bortskjemte ungdommar får testa korleis det var på 80- talet. Serien har fått tittelen ”Hjelp vi skal tilbake til 80-tallet”. -Seks ungdommar frå heile distriktet har fått oppleve populære ting og motar frå 80-talet. Dei har fått prøve kjente ikonar som Rubic’s Kube, Pac Man og Commodore 64. Dei har og fått møte Smokie, som med sine 30 selde plater, og monsterhit-en ”Living next door to Alice”, er svært godt kjende blant dei over 30.

Programleiarane Bjørn Andre Widvèy og Kristen Borum har fått moglegheiten til å gjenoppleve det dei likte (Dynastiet), og det dei ikkje likte (skulderputer), frå det svunne tiåret, fortel Kai Roger Melkevik til fitjarposten.no

Ideen og heile produksjonen, frå grafikk og til distribusjon, har Kai Roger gjort sjølv. Serien er i 8 delar på om lag 8 minutt, og han har til no blitt sendt på Tv Haugaland, Tv Follo, Tv Helgeland og Tv Innland. Til saman har han nesten 200 000 sjåarar.

-Dette er et prosjekt eg har jobba med utanom den vanlege jobben min som reklameprodusent i TV Haugaland. Eg har brukt ettermiddagar og helgar på å få gjennomført serien. Det er en serie med eit svært stramt budsjett og stramt tidskjema, og det var ei utfordring å få ferdig serien til premieren som var i mai på Tv Haugaland, seier Kai Roger, før han til slutt legg til:

-Det har vore ein veldig kjekk serie å jobbe med, og eg har fått mange gode tilbakemeldingar på at dette er en serie som folk har sett pris på. Nokre sjåarar fann òg fram den gamle brusmaskinen, eller andre 80 tals-ting, og mintest eit tiår prega av glorete fargar og synthpop.