Klasse 3B ved Rimbareid skule skipa fredag til kafe til inntekt for Aksjon Håp som har ei landsdekkjande innsamlingsaksjon på søndag.

I tillegg til å laga kafe har tredjeklassingane òg laga ein "omvendt adventskalender" ved at dei har jobba heime for å kunne gi endå fleire pengar til aksjonen. Kvar av dei har òg laga seg ei lita adventsbok, der dei skriv opp kva dei har gjort. I adventsboka er det og gjort plass for dikt, songar og anna julestoff.

Aksjon Håp vart første gong gjennomført i 1982, og 20 misjonsorganisasjonar står bak denne diakonale aksjonen. Målet i år er å samla inn 65 millionar kroner til diakonale bistandsprojekt mellom dei som verkeleg treng det. Det er i år fem satsingsområde: 1. Helsearbeid. (Enkle tiltak kan redde tusenar frå å døy av sjukdommar som der er behandling for.) 2. Vatn. (Reint vatn er eit grunnleggjande behov alle plassar i verda.). 3. Utvikling av lokalsamfunn. (Hjelp til å få dei fattigaste av dei fattige på beina.)  4. Utdanning. (Det er framleis 771 millionar analfabetar i verda.) 5. Utvikling av forsoningsarbeid. (Det er stadig krigar.)

Altså eit prosjekt som dei fleste vil stø og stå bak. Difor er det både uforståeleg, flaut og pinleg at den lokale aksjonsnemnda i Fitjar, fekk mykje meirarbeid med å laga rodelister fordi Fitjar kommune ikkje ville gje ut rodelistene som dei allereie har, og sist brukte på TV-aksjonen.

Me trur likevel ikkje at fitjarbuen vil la dette gå ut over aksjonen, men heller putta ekstra mykje i bøssene til dei 33 bøsseberarane som bankar på dørene i Fitjar førstkomande søndag.