Professor i offentleg rett ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt. Foto: Eivind Senneset/UiB

Professor i offentleg rett ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt, meiner folkevalde er nødt å godkjenne ekstraløyvingar til leiarar i kommunen.

Torsdag skreiv Stord24 om at rådmann Olaug Haugen i Fitjar kommuen har bestemt at åtte leiarar i kommunen skal få utbetalt til saman 100.000 kroner, som kompensasjon for ekstrajobbing i samband med koronakrisa.

Både rådmannen og ordførar Harald Rydland (Krf) meinte denne løyvinga ikkje trengte å bli handsama politisk.

Dei viste til at rådmannen har fullmakt til å fatta vedtaket fordi ho har personalansvaret for dei tilsette i Fitjar kommune.

– Personalansvaret gjeld ikkje tildeling av ekstratillegg

Men professor i offentleg rett ved UiB, Jan Fridthjof Bernt, deler ikkje denne oppfatninga. Han meiner rådmannen ikkje har høve til å fastslå eit slikt tillegg.

– Spørsmålet her er rekkjevidda av rådmannen sine fullmakter etter lova, som den som har det løpande personalansvaret for dei enkelte tilsette. Så lenge det ikkje er gitt uttrykkeleg fullmakt til akkurat dette, vil det ikkje omfatte fastsetting av løn til tilsette, og det same må gjelde tildeling av slike ekstra tillegg som det her er tale om, seier Bernt.

Han er klar på at politikarane er nødt å godkjenne slike ekstra utbetalingar til tilsette i kommunen som det her er tala om.

– Viss ikkje fullmakt er gitt, må slike vedtak treffast av folkevald organ med fullmakt til å løyve pengar.

Bernt seier to forhold må ha vore på plass for at denne type tildeling vert gjort i samsvar med lova.

– Det avgjerande er om det står noko i personalreglementet eller instruks for rådmannen om at ho skal ha fullmakt til å gjere det, og at det er avsatt pengar i kommunebudsjettet som ho kan bruke til dette.

Olaug Haugen. Arkivfoto: Harald Johan Sandvik

Vil ikkje svare

Torsdag ettermiddag sendte Stord24 ein epost til rådmann Olaug Haugen der me ba ho svare på vurderinga til jusprofessor Bernt. Ho ønskjer ikkje å svare på spørsmåla, og skriv følgjande i ei tekstmelding til Stord24:

«Hei, eg har vore opptatt i møte. Eg har gitt mine kommentarar til deg i denne saka og har ikkje meir å tilføye. Mvh Olaug Haugen.»

Dette er spørsmåla me har bedt rådmannen svare på:

Er det gitt uttrykkeleg fullmakt til rådmannen i Fitjar kommune for å gi ekstra tillegg til tilsette, som i denne saka?

Dersom ikkje, korleis svarar de på vurderinga til Bernt om at denne tildelinga er ulovleg?

Vil saka no bli vurdert lagt fram som politisk sak på bakgrunn av desse opplysningane?