Denne gjengen frå Juristforeningen har spela ni kampar i vår utan å lukkast, og jublar desto meir i kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar hadde lite å stilla opp med i 5.-divisjonsoppgjeret mot Juristforeningen i Fitjar Idrettspark tysdag kveld, der gjestene vann så klart som 4-1.

Gjestene frå Bergen hadde spela ni kampar i vår utan ein einaste siger, før dei møtte Fitjar. Korleis det kan ha gått til, er ikkje til å forstå, for dette er det beste laget som har gjesta Fitjar i år.

Heilt frå første spark på ballen viste juristane teikn på at dei var betre trente enn heimelaget. Med fysisk styrke, fart og brukbar flyt i spelet var dei eit strå kvassare enn Fitjar i alle delar av spelet. Allereie etter fire minutt gjekk Sander Leinebø Ulfstein åleine gjennom Fitjar-forsvaret og scora sikkert åleine med keeper.

Torbjørn Korsvik gjorde så godt han kunne, men det var ikkje godt nok denne gongen. Foto: Kjetil Rydland.

Me kunne ikkje sjå at Fitjar-spelarane gjorde nemneverdig for å hindra han. Og vel ti minutt seinare var det klart for eit nytt lettkjøpt mål for gjestene. Bendik Rasmussen Skarpenes fekk god tid til å fyra av eit ikkje altfor godt skot frå 22 meter. Ballen gjekk i ein fin boge over keeper, i undersida av tverrliggjaren og i mål.

Fitjarspelarane hadde enno ikkje «skrudd på», men no tok dei seg litt saman. Etter knapt 20 minutt kom Daniel Skarpnes seg fri inne i juristfeltet og skora frå kort hald. Etter dette hadde Fitjar ein god periode, men fleire brukbare sjansar.

Men ti minutt før pause var det jamt slutt. Juristforeningen hadde ved fleire høve fått gjera som dei ville inne i Fitjar-feltet, og det var ikkje heilt ufortent at Brage Forbergskog kunne leggja ballen i ein fin boge rundt keeper frå seks-åtte meters hald. Ein betre plassert keeper kunne nok ha redda dette målet.

Om kampen ikkje hadde vore avgjort før, blei han det iallfall eitt minutt før pause. Leif Tore Aarland pådrog seg frispark og korrekt gult kort for å hindra Jurist-angriparen å koma åleine gjennom. Frisparket frå 22 meter gjekk i hovudet til Leif Tore og i ein fin boge i mål, like ved stolpen. Eit lite stykke «fotballmagi» som me vonar Fitjar-kapteinen har gløymt før han kom heim i kveld.

Med 1-4 gjekk laga til pause, og ingen av laga greidde å endra på resultatet før Kjell Gudvangen bles av kampen. Andre omgang baud ikkje på dei store prestasjonane frå nokon av laga, men gjestene var heile tida litt sterkare enn våre menn.

- Annonse -

Juristforeningen sine spelarar hevda hardnakka etter kampen at dei er dei same spelarane som har tapt nesten alt så langt i år. Dei hadde såleis all grunn til å jubla for resultatet. For Fitjar var det ikkje så mykje å gle seg over. Laget verkar ikkje særleg godt trent, og burde nok ha hamla opp med gjestene i kveld om dei hadde vore litt lettare på foten,

Med sine sju poeng ligg Fitjar berre tre poeng over sisteplassen i 5. divisjon avd. 02 Hordaland. Neste sjanse til poeng kjem tysdag 8. juni på heimebane mot Tornado Bergen.

Leif Tore Aarland pådrar seg gult kort og frispark som endar i sjølvmål. Foto: Kjetil Rydland

Fitjar IL – Juristforeningen 1-4 (1-4)

Fitjar idrettspark tysdag 4. juni kl. 19.00
Seriekamp 5. divisjon avd. 02 Hordaland
Dommar: Kjell Gudvangen, IL Gneist
Publikum: 51

Mål: 0-1 Sander Leinebø Ulfstein (4.), 0-2 Bendik Rasmussen Skarpenes (15.), 1-2 Daniel Skarpnes (19.)1-3 Brage Forbergskog (37.), 1-4 sjølvmål (44.)

Gult kort: Leif Tore Aarland, Fitjar og Bendik Rasmussen Skarpenes, Juristforeningen

Fitjar sitt lag: Jacob Mehammer, Jonas Aleksandersen (Ronny René Bjellebø 46.), Helge Myrmel Træet, Torbjørn Korsvik, Emil S. Fitjar, Kristian Træet (Jacob Myhre 82.), Svein Arne Jordan Raunholm (Joakim Malkenes Fitjar 46.), Leif Tore Nesbø Aarland, Daniel Skarpnes, Marius Helland Storebø, Øyvind Fluge Rydland.