Juniorlaget til Fitjar IL kunne lett ha vunne over serieleiar Mathopen i tysdagens seriekamp, men to mål på slutten gjorde at gjestene kunne reisa heim att med tre heldige poeng.

Den suverene serieleiaren frå Mathopen var heldig som kunne innkassera tre pooeng etter kampen mot Fitjar tysdag kveld. Heimelaget hadde mesteparten av spelet og dei fleste sjansane, men poeng i fotball blir ikkje delte ut «etter forteneste».

Fitjar viste mykje fint spel, og hadde den første store sjansen i kampen, ved Sebastian T. Thomassen. Men det var gjestene som scora først. Dei hadde ein «kraftspiss» av det rette slaget, som avgjorde kampen nesten på eiga hand. Det første målet scora han etter rundt eit kvarters spel.

Midt i andre omgang utlikna Fitjar ved Sebastian T. Thomassen, etter fint gjennomspel av Johannes Myhre. Og Sebastian kunne med litt klaff gitt 2-1 rundt 10 minutt seinare. Men Mathopen-forsvaret fekk redda på streken, og kort etter braut «kraftspissen» frå Mathopen seg gjennom Fitjar-forsvaret og knuste ballen i mål på nytt.

Mellom fleire brukbare forsøk frå Fitjar, nytta Mathopen-kraftspissen høvet til å bryta gjennom på nytt og skyta så knallhardt frå kort hald, at keeper Brynjar Bergesen ikkje klarte å avverja. Dermed kunne gjestene frå Mathopen innkassera ein litt heldig 3-1-siger.

Trenar Trond Henriksen seier seg godt fornøgd med spelet til Fitjar-juniorane i dag. Men han erkjenner at det er måla som tel.

Mathopen leier framleis 3. divisjon avd. 02 junior i Hordaland utan tap, medan Fitjar ligg ganske midt på tabellen med sine 10 poeng.

Fitjar sitt lag:
Brynjar S. Bergesen, Brynjar Traa, Torkel Nesbjørg, Vegard Hareide, Johannes Myhre, Sander Tverborgvik, Adrian Mehammer, Ørjan Nordvang, Geir Steffen Tranøy, Frode Malkenes, Sebastian T. Thomassen. Innbytarar: Bernt-Ove Maraas, Mads Westvik, Eirik Hovland.