Det blei eit nytt tap for juniorane då dei møtte Gneist til seriekamp på «kunstet» tysdag kveld.
Eit innsatsfylt og aggressivt Gneist-lag hadde nok dei fleste og største sjansane kampen sett under eitt. Scoringa til Gneist i byrjinga av 2. omgang blei avgjerande. Kampen enda 0-1 sjølv om begge lag hadde mange store sjansar på slutten av kampen.
Publikum måtte venta forgjeves på Fitjar-scoringar. Foto: Kjetil Rydland.
Fitjar-trenarane Ketil Fykse og Rune Brakedal måtte sjå at kampen ebba ut med 0-1. Foto: Kjetil Rydland.
Kamp om ballen i feltet til Gneist. Foto: Kjetil Rydland.