Juniorlaget til Fitjar sleit seg til heimesiger mot Vadmyra 2 i ruskavêret tysdag kveld.

Dei som våga seg ut i regnet i kveld, fekk sjå ein spanande juniorkamp som lenge såg ut til å bikka gjestene sin veg. Men i løpet av dei fem-seks siste minutta scora Sebastian Thomassen to mål, begge etter pasning frå innbytar Ørjan Søreide Nordvang. Dermed kunne trenar Trond Henriksen og ein flokk søkkvåte gutar jubla uhemma.

Fitjar-gutane burde ha avgjort kampen i første omgang, då dei hadde ein snev av medvind. Dei hadde bra kontroll på motstandarane sine, men det blei med den eine scoringa til Bernt-Ove Maraas etter rundt 10 minutt. Dei hadde rikeleg med målsjansar utan å lukkast, og i staden var det Vadmyra som scora på skot frå kort hald etter eit kjapt løp gjennom Fitjar-forsvaret og ei like fin pasning frå midtbanen.

Fem minutt ut i andre omgang tok Vadmyra leiinga på eit skot frå vel 25 meter og spiss vinkel. Ballen gjekk i ein fin boge over Fitjar-keeperen, og med litt hjelp av vinden gjekk han inn i vinkelen. Etter denne scoringa tok gjestene kontroll over kampen, og det såg ut til å gå mot eit surt nederlag for Trond Henriksen og gutane hans. Men heilt på slutten scora Sebastian Thomassen to fine mål, og gutane fekk med seg ei god oppleving inn i dusjen og vinterdvalen.

Fitjar sitt lag mot Vadmyra 2:
Aleksander Henriksen, Sander Tverborgvik, Petter Volden, Vegar Hareide, Tobias Vestbøstad, Adrian Mehammer, Emil Fitjar, Bernt-Ove Maraas, Sebastian Thomassen, Frode Malkenes og Geir Steffen Tranøy. Innbytarar: Torkel Nesbjørg, Johannes Myhre, Brynjar Bergesen, Sondre Aarland, Ørjan Søreide Nordvang og Brynjar Traa.