I desse førjulsdagar er det ikkje mangel på tilbod for born og vaksne.

Utanfor Øvrebygda bedehus stod ein barneflokk i kø, ikkje fordi det var uråd å koma inn, men dei venta på tur til å laga talgalys. I tre spesiallaga stål-kar var det oppvarma stearin der borna duppa veikjetråd som etter kvart vart til store lys. Det såg ut til å vere gutane som valde denne aktiviteten. Opphaldsver og solgløtt gjorde til at ingen stod og fraus. Dessutan var det greitt å ta ein ekstra runde før kvar dypping slik at stearinen stivna.

Då me opna bedehusdøra, strøymde lukta av kakemenn mot oss. Haugen med ferdigsteikte figurar av mange slag voks etter kvart. Steikjeomn med varmluft gjorde det enklare. Om ikkje alle borna kunne kjevle sjølve, var dei i alle fall flinke til å stikke ut med kakeformene. Smaka deigen godt ? Det veit me ikkje, men kakefigurane smaka svært så godt.

Rundt om i bedehuset var det laga til stasjonar der ein kunne velje blant mange aktivitetar. Boksar med fargerike perler freista mange til å lage armband eller anna pynt. Eit lite grantre vart pynta med kremmarhus laga av ivrige barnehender. Malene var ivrig oppteken med å pynte eit lite halvfabrikert grantre. Nokon valde å lage julekort og lysmansjettar med mykje glitter og stas. Truleg vart det nok også laga englar som høyrer med til julepynten. Ein del foreldre (eller bestemødre) møtte opp og gav kjærkommen hjelp til dei minste borna. Og ei mor gav tydeleg uttrykk for at dette var det kjekt å vera med på.

Etter to timars aktivitet samla alle seg i storsalen. Der heldt Torunn Aarskog andakt. Ho fekk tydeleg fram at Jesubarnet i krybba er det viktigaste med  julefeiringa vår. Litt julesong vart det og tid til før grautskålene kom på bordet. Meir enn  50 personar kosa seg med graut og saft, kaffe og kakemenn.

Leiarane i Tysdagsklubben stod att med oppvask og rydding, men vel nøgde med frammøte og ei triveleg stund med born og foreldre.