I Øvrebygda var det både juleverkstad og adventfrukost denne helga.

Søndagskulen og barneforeningane i Øvrebygda fekk flott respons då dei inviterte born og foreldre til juleverkstad sist laurdag. Det var høve til å vera med på ulike aktivitetar, bl.a lysstøyping og baking. Som ein ser av bileta vart det og laga mange fine julekrybber.

Etter to timars arbeidsøkt var det tid for graut, saft og kaffi. Over 50 born og vaksne hadde ei trivelg samling på bedehuset. Me oppfordrar arrangørane til å gjere dette til ein tradisjon !

Søndagsskulen og Indremisjonen hadde også i år laga til ei fin samling på bedehuset 1. søndag i advent. Det var bra deltaking av personar frå 1 år til nesten nitti. Søndagsskuleborna deltok i programmet. God prat ved borda og velsmakande frukost gav kveik til å nyte den flotte søndagen.”