Barn og vaksne fylte bedehuset i Øvrebygda laurdag føremiddag då Tysdagsklubben inviterte til juleverkstad. Tysdagsklubben sin juleverkstad var open for alle mellom 3 og 12 år, og mange barn hadde funne vegen til bedehuset, dei fleste i følgje med vaksne. Då me var innom i føremiddag, var aktiviteten stor over alt. I kjellaren var Harald Sandvik i full gang med å hjelpa nokre unge håpefulle med juledekorasjonane sine. Inne i bedehussalen blei det laga tradisjonell julepynt i alle fasongar. På kjøkenet baka store og små julekjeks, sikkert sju sortar, etter det me kunne sjå. Og utom nova stod Terje Koløen og hjelpte ungane med å støypa stearinlys. Dette har alltid kravd tolmod, noko me såg at ikkje alle hadde… Men under kyndig leiing av Terje fekk mange laga seg flotte stearinlys til jul.

Det kunne sjå ut til at alle fekk mykje for dei 50 kronene som alle betalte for tinga dei laga, og for risengrynsgraut. Då me var innom, var grauten i kjømda, og folk såg fram til andakt og servering av graut, saft og kaffi.