Medan vind og regn ulte mellom husnovene samla store delar av bygdefolket seg til julaftagudsteneste i Fitjar kyrkje.

To gongar vart det invitert til gudsteneste denne dagen, som er den dagen i året då flest folk søkjer til Guds hus. Kyrkja var fint pynta med eit kjempehøgt juletre og mange englar i ulike fasongar laga av barnehageborn og skuleelevar  frå Fitjar. Vel inne i varmen vart dei som kom til den første gudstenesta møtt av fine juletonar frå Fitjar skulekorps. Korpset spelte flott og me kunne gjerne høyrt endå meir til dei.  

Under gudstenesta og preika, som sokneprest Olav Johannes Oma stod for, fekk kyrkjelyden sjå svært flotte og talande jule-bilete på storskjermane, teikna av elevar frå Øvrebygda skule. 

Elles var det ei tradisjonell julegudsteneste med liturgi, tekstlesing og julesalmer, og som alltid var allsong svært god i Fitjar kyrkje. 

Før forsamlinga forlet varmen i kyrkja for å fortsetta julefeiringa ein annan stad fekk dei med seg ein nydeleg versjon av Vitae Lux med Anne Lunde på kornett og Olaug Gloppen på orgel.

I det flokken frå den første gudstensta var på veg til bilane var nye folk på veg inn i den julevarme kyrkja for å delta på den neste julaftagudstenesta. 

Klokka 17.00 ringde kyrkjeklokkene endå ein gong denne ettermiddagen. Denne siste gongen for å ringja jula inn og markera at no startar høgtida; no er det jul!