Øvrebygda 4H held oppe tradisjonen, og sel juletre ved filialen på Rydland.

Ved Joker-butikken på Rydland møtte me to unge juletreseljarar i ettermiddag. Elin Korsvik og Emilie Helland var klare då dagens første kunde kom. På streken kl. 15.00 kom Torvald Ingebrigtsen og fann seg ei gran.

Utover kvelden har det kome mange kundar, og dei unge seljarane seier seg svært fornøgde med omsetnaden. Kundane såg ut til å vera fornøgde med varene; norsk gran og edelgran. Me møtte Geir Tore Søreide, som var kjapt innom og fann seg ei gran, før han lova å komma tilbake neste år.

Seljarane var heldigvis godt kledde, for «mot normalt» ser det ut til å bli skikkeleg vinter no fram mot jul. Inne i lavvoen passa ordførar Harald Rydland på at det var fyr i omnen. Slik at juletreseljarane kunne laga varm kakao til kundane sine.

Øvrebygda 4H reknar med å ha butikken open i fem dagar til, fram til tysdag i neste veke.

Elin Korsvik og Emilie Helland klare til å opna lavvoen presis kl. 15.00. Foto: Kjetil Rydland.

Silje Rydland kokar og serverer kakao til forfrosne kundar. Foto: Kjetil Rydland.
Silje Rydland kokar og serverer kakao til forfrosne kundar. Foto: Kjetil Rydland.

Ein fornøgd Geir Tore Søreide lovar å komma tilbake neste år. Her får han hjelp av ordføraren. Foto: Kjetil Rydland.
Ein fornøgd Geir Tore Søreide lovar å komma tilbake neste år. Her får han hjelp av ordføraren. Foto: Kjetil Rydland.

Varm kakao er godt i kulden. Foto: Kjetil Rydland.
Varm kakao er godt i kulden. Foto: Kjetil Rydland.