Øverebygda 4H held oppe tradisjonen og sel juletre ved Joker på Rydland.

Aspirantar og juniorar er ivrige juletreseljarar, og servicen er god. Dei unge 4H-medlemmene er meir enn villige til å hjelpa kundane med å finna det rette treet. Og inne i teltet serverer dei kakao og vaflar til dei som har tid. Den gamle lavvuen har blitt erstatta med ein heilt ny gamme. – Den har me kjøpt hos Mikkel Bongo i Venor, fortel Ida Marlen Havm, som har oppsyn med juletresalet.

Dei har kjøpt inn edelgran på Langeland på Stord, og pakkar dei inn i nett så dei er enkle å transportera i bil. Og dersom du ikkje har kontantar på deg, kan du få med deg faktura og betala når du kjem heim

Juletresalet held fram søndag kl. 14-17 og utover neste veke kl. 15-18 så lenge lageret rekk. Ida Marlen Havn reknar med at dei har selt ut alle dei 85 julegranene før veka er omme.