Det vert ytt god sevice når ein får vaflar og kakao gratis.

Ja slik er det utanfor butikken på Rydland, der Øvrebygda 4H har sett opp ein stor lavvo. Innvendig står ein vedomn og varmar seg opp til koking av kakao, og snart skal vaffeljernet fyllast med røre. Dei fire jentene som står først på vaktlista, er i full gang med å ”pakke” tre som er bortbestilte til Havna-huset. Elles står juletrea på rekkje og ventar på kjøparar. Dei sel berre gran, og trea kjem frå Olav Høyland på Stord. Det er ei god inntektskjelde for 4H å selje juletre, seier Renate, som har vore med på dette før. Og kjekt er det også. Jentene kosar seg i lag. 
Ein annan juletreseljar på Stord, Ola G. Digernes, fortel at folk helst vil ha edelgran. Den må plantast innafor 2 m høgt gjerde for å unngå stor skade av hjort. Hjorten kan og øydeleggje vanleg gran, seiest det. Små insekt er og ei plage på grantre. Både barnåler og bork vert angripne.

Juletreproduksjon er tidkrevjande, seier også Solveig Thomassen. Mannen hennar averterer sal av juletre på rot i Engevik. Ved sjølvhogst får vel kunden akkurat det treet han vil ha, og samtidig ein triveleg tur i skogen.
På veg til Fitjar i føremiddag dukka det opp ein ny plakat med sal av juletre. Den var i grunnen litt spesiell (sjå bilete). Seljaren stod ikkje i nærleiken, men han var nok snart på plass. I sentrum var det berre M. Aarskog som selde juletre denne helga. Der var det og høve til å kjøpe kristtorn. Greiner med raude, fine bær er det lite av i haust, samanlikna med i fjor. Men M. Aarskog Blomster har greidd å skaffe ein del av den vara som mange stader er svært ettertrakta no før jul.