Sjølvsagt kom det nissar med snop til dei minste. Foto: Arne Vestbøstad

 

Juletrefesten i Fitjar kultur- og idrettsbygg søndag ettermiddag runda for mange av festivitasen knytt til jula.

 

Det var sjette gongen at det var stelt til fest for heile bygda på denne måten. Det var nokre ledige stolar under festen i idrettshallen, men dei som kom, fekk ei fin og variert stund saman med dei andre frammøtte fitjarbuane.

 

Innleiingsvis tok ordførar Wenche Tislevoll festlyden gjennom 2014 og la fram vyene for friluftsåret 2015, og avslutta med slå fast at i året som ligg føre oss har me alle høve til å gjera ein positiv skilnad, anten det er i det små og nære, eller på eit globalt plan. Trass i at ordføraren trekte fram at det var eit eit høgare folketal i bygda i år enn i fjor, var det ein del ledige stolar i lokalet

 

Etterpå takka ho arrangørane Ellinor Bergesen, leiar for Fitjar Frivilligsentral og Ole Bergesen, dagleg leiar for Fitjar kultur- og idrettsbygg, for innsatsen med å få ein slik fest på beina.

 

Så var det loddsal, med eit bugnande vinstbord, donert av det lokale næringslivet.

 

– Kan nokon sjekka at Ole Christian (Ottestad) ikkje berre held opp handa av gamal vane? smalt det frå Ole Bergesen, då Ottestad vann for tredje gong på kort tid, under utloddinga. Foto: Arne Vestbøstad

 

Gruppa beståande av Randi Eiken Brekke, Karine Tveit Lillenes, Elin Sørfonn, Dagfinn Brekke, Kristian Vestbøstad og Steinar Vik var eitt av musikkinnslaga under festen. Foto: Arne Vestbøstad

 

Musikkavdelinga gav oss julemusikk frå det namneforvirra ensemblet Karine Tveit Lillenes & co/Vik og dei, Ingrid Skår Bergesen, Silje Rydland og Runar Thor Gudmundsson.

 

Det var så mykje fin musikk at nokre av ungane rett og slett måtte setja seg ned for å nyta det. Foto: Arne Vestbøstad

 

Ingen juletrefest utan gong rundt juletreet, og i år som i fjor blei det fire ringar rundt treet. Det heile blei runda av med nokre nissar som var så trøytte etter ei lang jul, at ungane først måtte ropa for å få nissane inn, og så ropa ein gong til, for nissane sovna så snart dei var komne inn i salen. Då er det godt å vita at dei kan kvila seg eit heilt år, før det igjen er tid for for heile bygda å samlast i kultur- og idrettsbygget.

 

I år som i fjor var det fire ringar rundt juletreet under juletregongen. Foto: Arne Vestbøstad