Slik var det då osternesingane laga til fest laurdag kveld.

Naturleg nok var det mektig allsong i programmet og rundt juletreet. Slik må det berre bli når Osternes Mannskor er til stades, og dei gledde festlyden med  sine flotte framføringar  både før og etter matøkta. Repertoaret deira er tradisjonelt ved juletider, noko publikum set pris på. Som eksempel nemner me Nå tennes tusen julelys og Mitt hjerte alltid vanker. Ein lokal julesong av Lars Vik vart også sunge: Det lyser ei stjerne på natthimlen blå.

Eli Simonsen las fleire  dikt som omhandlar håp, forventning og ønskje. Eitt av dei er skrive av A. Haram og heiter FRED: «du berre kom som ein stor fugleveng og dekte meg, bar meg inn i eit høgare rom». Herman Inge Aadland tok utgangspunkt i Salme 72, då han tala om Kongen over Kongane, Jesus Kristus.

Festleiar Nils Hageberg bad alle til bords i kjellaren der det vart servert smørbrød og deilige kaker. Drøsen ved borda vart høglydt etter kvart som kaffien gjorde sin verknad. Harald Johan Sandvik gav eit innblikk i Alf Prøysen si diktarverd  og las blant anna  En skulle vøri fire år i romjul’n, med god innleving i Prøysen sin totendialekt. Seinare var det mange som tok tak i kvarandre sine hender og gjekk  rundt juletreet og song med fryd og glede dei julesongane som alle hugsar frå sin barndoms jul. Juletregongen vart avslutta med Den Himmelske lovsang. Det er ein tradisjon på julefestane i Osternes bedehus.